For kommunar

Målfrid følgjer organisasjonskartet dykkar

Staben til kommunedirektøren, heimetenesta og byggesak arbeider ikkje likt. Kvar eining får reglar som passar, og kommunen set dei sjølv: kva for modellar, kva for kunnskapsbasar og kva for dataklassar.

Dette får kommunen

  • Reglar som følgjer organisasjonen

    Kommune, sektor, eining og team er sette opp som i organisasjonskartet. Rettar, reglar og deling blir arva nedover, og gruppene frå Entra ID blir henta inn automatisk.

  • De set reglane

    Tillatne modellar, slettefristar, innloggingskrav og standard dataklasse blir sette på eininga. Det de låser, kan ikkje mjukast opp lenger ned.

  • Eigne kunnskapsbasar

    Reglement, rutinar, planar, lover og møtebøker. Kvar kunnskapsbase har ein eigar og ei delingsgrense.

  • Innsyn og arkiv

    Innsynsmodul, Noark 5-eksport og reglar for sletting følgjer med i produktet.

  • Bokmål eller nynorsk som standard

    Kommunen vel bokmål eller nynorsk som standard. Tilsette kan skifte for seg sjølve, og generert tekst følgjer valet.

  • Dokumentasjon til vurderinga

    DPIA-underlag, ROS-analyse, mal for databehandlaravtale og KI-register ligg i innkjøpspakken. Personvernombodet og IKT byggjer dei eigne vurderingane til kommunen på dei.

Slik går ein pilot føre seg

Vi set opp piloten saman med eit lite team i kommunen. Tilsette i to eller tre einingar brukar Målfrid i det daglege arbeidet, medan IKT, personvernombod og arkiv følgjer med på oppsettet og loggen.

  • Oppstart: einingar, Entra ID, dataklassar og reglar
  • Innhald: kunnskapsbasar frå reglement, planar og møtebøker
  • Bruk: ferdige assistentar og kurset i KI-kompetanse
  • Evaluering: bruk og kostnad, og kva som bør endrast

Bli med i pilotgruppa

Vi set opp tenesta for kommunen, dei første kunnskapsbasane og dei assistentane de treng først. Send oss kommunenamn og innbyggartal, så tek vi kontakt for å avtale ein prat.