Funksjon · Oppskrifter
Oppskrifter
Eit bibliotek med utprøvde promptar og arbeidsflytar frå kollegaer, kommunen og samarbeidet.
Kven brukar han: Alle tilsette kan bruke oppskriftene. Deling til IKT-samarbeidet krev administratorrolle.
Alle finn opp den same prompten på nytt
Å få eit godt utkast frå KI avheng av korleis du spør. Dei som har funne ei god løysing, har ho ofte for seg sjølve, og andre brukar tid på å prøve og feile.
Resultatet er ujamn kvalitet, og det er vanskeleg å spreie røynsle på tvers av einingar og kommunar.
Slik verkar det
1. Vel ei oppskrift
Søk og filtrer på kategori: saksbehandling, kommunikasjon, politikk og styring, HR og leiing, språk, plan og bygg, helse og omsorg, oppvekst og generelt. Sjå kva som er mest brukt og best vurdert.
2. Fyll ut skjemaet
Kvar oppskrift har eit enkelt skjema med opplysningane ho treng. Du slepp å skrive prompten sjølv.
3. Køyr som vanleg samtale
Oppskrifta køyrer eitt eller fleire steg i chatten, med same reglar, dataklasse og logging som ei vanleg melding. Resultatet kan bli eit utkast som saksframlegg, vedtaksbrev, referat eller klarspråkstekst.
4. Del dine eigne
Lag ei oppskrift og del ho med berre deg, eininga, heile kommunen eller IKT-samarbeidet. Vurder, kommenter og legg i favorittar.
Biblioteket
Utdrag frå eit fiktivt bibliotek i ein kommune.
Det han ikkje gjer
- Gir ikkje ferdige svar. Oppskriftene ber om utkast og om at hòl blir markerte i staden for å bli funne på, og du kvalitetssikrar resultatet.
- Går ikkje utanom reglar. Ei oppskrift køyrer gjennom dei same reglane for dataklasse, modell og logging som ei vanleg melding.
- Deler ikkje samtalane dine. Det er sjølve oppskrifta som blir delt, ikkje det du har brukt ho på.
- Lèt deg ikkje dele til IKT-samarbeidet utan administratorrolle.
Dataklassar, logging og menneskeleg kontroll
Dataklassar
Kvar oppskrift har eit framlegg til dataklasse, og køyringa følgjer reglar for den klassen.
Logging
Kvart steg går same veg som ei melding du skriv sjølv, og blir registrert i revisjonsloggen.
Menneskeleg kontroll
Resultatet er eit utkast. Du les, rettar og tek ansvar for det som blir brukt. Arkiverte oppskrifter forsvinn frå biblioteket.
Vil de ta i bruk Målfrid i kommunen?
Vi set opp ein pilot saman med dykk, med kjeldene og reglane til kommunen.