Funksjon · Vedtakssjekk

Vedtakssjekk

Avgjerdsstøtte som sjekkar vedtaksbrev og saksframlegg mot ei sjekkliste før dei blir sende.

Kven brukar han: Saksbehandlarar, leiarar og administratorar. Politisk sekretariat brukar han på saksframlegg.

Tilbake til produktoversikta

Små manglar i eit vedtak kan bli store saker

Eit vedtaksbrev utan klagerett, utan grunngjeving eller utan merking av opplysningar under teieplikt kan ende som klagesak, omgjering eller avvik. Sjekklistene finst ofte berre i hovudet på dei mest røynde.

Saksbehandlar treng ei rask gjennomgang før brevet blir sendt, som peiker på det som manglar og kvifor.

Slik verkar det

  1. 1. Vel kva som skal sjekkast

    Lim inn tekst, last opp ei fil (docx, pdf, txt eller md) eller vel eit eksisterande utkast. Vel dokumenttype, kva forvaltingslov som gjeld, og eventuelle tilleggspakkar for byggjesak eller helse og omsorg.

  2. 2. Sjekk mot regelpakkar

    Teksten blir sjekka mot versjonerte regelpakkar med stikkord og mønster. Kvar regel har ei rettskjelde med lenkje til Lovdata, og ein regel utan kjelde kan ikkje lastast.

  3. 3. Valfri KI-kontroll

    KI blir berre brukt der stikkordsjekken ikkje fann punktet, og berre viss dataklassen tillet det. Alle sitat frå modellen blir verifiserte mot teksten, og funn frå KI er merkte.

  4. 4. Funn med alvorsgrad

    Du får funn som manglar, bør og forbetring, markerte i teksten, med grunngjeving og rettskjelde. For fleire manglar får du eit framlegg til tekst, til dømes klagerett, som du kan fylle inn og leggje i utkastet.

  5. 5. Rapport

    Last ned ein PDF-rapport, eller køyr sjekken på nytt etter at du har retta teksten.

Resultat av ein sjekk

Eit fiktivt vedtaksbrev om avslag på ein søknad. Sjekken finn éin mangel og to forbetringspunkt.

Illustrasjon av resultatet frå Vedtakssjekk med funn sorterte etter alvorsgrad. Døme med fiktive data.

Juristen i kommunen bør gå gjennom regelpakkane før dei blir tekne i bruk

Pakkane for ny forvaltingslov (vedteken 2025, ikkje i kraft), helse og omsorg, plan- og bygningslova og kommunelova er merkte «Krev juristgjennomgang» i produktet, og paragraftilvisingane i den nye lova må stadfestast når ho tek til å gjelde. Òg pakkane utan merke byggjer på stikkord og erstattar ikkje ei juridisk vurdering.

Det han ikkje gjer

  • Gjer ikkje vedtak og føreslår ikkje utfall. Funksjonen er avgjerdsstøtte for saksbehandlaren.
  • Erstattar ikkje vurderinga til saksbehandlaren eller juristen. «Ser klar ut» tyder berre at kontrollpunkta vart funne i teksten.
  • Vurderer ikkje om faktum er rett eller om skjønnet er godt.
  • Gir ikkje ei rettskjelde han ikkje har fått frå regelpakken. Funn utan kjelde finst ikkje.

Dataklassar, logging og menneskeleg kontroll

  • Dataklassar

    KI-kontrollen blir berre brukt når dataklassen tillet det, og du får beskjed viss han ikkje er tillaten. Stikkordsjekken køyrer utan modell.

  • Logging

    Kvar køyring blir registrert i revisjonsloggen, og rapporten viser kva regelpakkar og versjonar som vart brukte.

  • Menneskeleg kontroll

    Funn frå KI er merkte «Kontroller sjølv», pakkar som krev jurist er merkte, og saksbehandlar avgjer kva som blir retta og kva som blir sendt.

Les om personvern og etterleving

Vil de ta i bruk Målfrid i kommunen?

Vi set opp ein pilot saman med dykk, med kjeldene og reglane til kommunen.