Funksjon · Høyringsanalyse

Høyringsanalyse

Sorter hundrevis av høyringsinnspel på avsendar, tema og haldning, og få innsigelsane løfta fram.

Kven brukar han: Saksbehandlarar og politisk sekretariat. Å vise namn på privatpersonar krev rolla leiar eller administrator.

Tilbake til produktoversikta

Ei stor høyring gir mange innspel i mange format

Eit planframlegg kan få hundrevis av innspel som PDF, e-post, brev og rekneark. Å lese, sortere og oppsummere dei for hand tek dagar, og det er lett å oversjå ein innsigelse frå ei statleg eller regional styresmakt.

Innspel frå privatpersonar inneheld ofte personopplysningar, så eit verktøy må både vere raskt og passe på dei.

Slik verkar det

  1. 1. Opprett høyringssak og last opp

    Vel dataklasse, og last opp framlegget det blir høyrt om (valfritt) og innspela: PDF, DOCX, tekst, e-post, ZIP med slike filer eller CSV og XLSX med eitt innspel per rad. Alle filer blir virusskanna, og duplikat blir hoppa over.

  2. 2. Personopplysningar blir fjerna eller skjulte

    Fødselsnummer, telefonnummer og e-postadresser blir fjerna før innhaldet blir lagra. Namn på privatpersonar blir skjulte før tekst går til ein modell, og blir viste som «Privatperson 001» i oversikter og rapport.

  3. 3. Tema, haldningar og sitat

    Målfrid føreslår tema, plasserer innspela under dei og oppgir haldning. Kvart sitat viser kvar i originalteksten det står.

  4. 4. Innsigelsar og innspel til vurdering

    Innsigelsar og innspel som treng ei menneskeleg vurdering får eigne visingar, så dei ikkje druknar i mengda.

  5. 5. Du kontrollerer og rapporterer

    Saksbehandlar kan rette tema og haldningar. Rapporten, Høyringssamandrag, byggjer på det som er kontrollert.

Oversikt over ei høyring

Fiktiv høyring om detaljregulering for eit sentrumsområde, med 214 innspel.

Illustrasjon av oversikta i høyringsanalysen med tema, haldning og innsigelsar. Døme med fiktive data.

Det han ikkje gjer

  • Avgjer ikkje kva kommunen skal gjere med innspela. Tema og haldning er eit arbeidsverktøy, og eit fleirtal av innspel er ikkje det same som ei avgjerd.
  • Gjer ikkje innspela til sanning. Saksbehandlar kontrollerer og kan rette alt før noko blir brukt i saka.
  • Viser ikkje namn på privatpersonar som standard.
  • Sender ikkje noko til avsendarar eller til nokon andre.

Dataklassar, logging og menneskeleg kontroll

  • Dataklassar

    Du vel dataklasse for høyringa. Valet styrer kva modellar som kan brukast og korleis innhaldet blir lagra. Vel personopplysningar når privatpersonar har sendt inn innspel.

  • Logging

    Oppretting, opplasting, analyse og rapport blir registrerte i revisjonsloggen. Blir analysen avbroten, held han fram der han stoppa.

  • Menneskeleg kontroll

    Pseudonymiseringa er på som standard, og å vise namn krev rolla leiar eller administrator. Sitata peiker på kjeldestaden, så du kan kontrollere dei.

Les om personvern og etterleving

Vil de ta i bruk Målfrid i kommunen?

Vi set opp ein pilot saman med dykk, med kjeldene og reglane til kommunen.